|
Trønderlaget er eit fylkeslag i
Noregs Mållag, og organiserer mållaga Trøndelag sør for Namdalen.
Laget arbeider for nynorsk bruksmål og for styrking av dialektane i Trøndelag.
Ingen skriftspråk er naturgjevne fenomen. Dei er alle konstruerte ut frå eitt eller
anna talemål – dei fleste ut frå talemålet til priviligerte grupper i øvre lag av
samfunnet.
Nynorsken er laga på ein annan måte. Ein har funne fram til fellestrekka i talemåla i
heile landet der språket skal brukast, og bygd eit skriftspråk ut av det. Dette er
ein moderne og demokratisk måte å laga eit skriftspråk på. Difor arbeider Trønderlaget
for nynorsken.

Vil du stø oss i arbeidet for å ta vare på det norske målmangfaldet?
Meld deg inn i mållaget.
|
For å gjera det lettare å få tak i gode, nynorske barnebøker
har Trønderlaget laga ei barneboksamling som kan lånast ut til
skolar.
Les meir
|